I 2017 hadde fylket 3,7 nyetableringar per 1000 innbyggarar. Det svarar til det høgste nivået nokon gong, ifølgje fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Blant resten av fylkene i Norge er det berre eitt område Sogn og Fjordane har vore dårlegast på, nemleg nyetableringar.

- Det er naturleg at vårt fylke ikkje ligg veldig høgt på nyeatbleringar, det har med næringsstruktur å gjere. Då er det likevel veldig kjekt at vi no ser ut til å få resultat av godt arbeid i kommunane, frå Innovasjon Norge, og frå alle andre som er involvert i arbeidet med nyetablerarar, seier

Heggeheim trur verdiskapingsplanen som vart vedteken i 2013 kan vere litt av forklaringa på auka i nyetableringar.

- Det handlar om å få folk til og tru på ideen sin, og at dei kan nå målet om eiga bedrift, seier han i ei pressemelding.