– Det var ei roleg oppvarming på torsdag. Det var kanskje litt mykje med fire dagar, men det gjer ikkje noko. Dei som var der hadde det kjekt, og Atle Skaar gjorde ein kjempejob, seier Roger Igland.

Populær familiedag

Nytt for året var ein utvida familiedag, med kanopadling og hesteriding for dei yngste, i tillegg til ein roregatta i færing, der lokale grender konkurrerte mot kvarandre i kvinne- og herreklasse.

– I fjor hadde vi kun familiekonsert på Iglandssanden, men i år arrangerte vi denne roregattaen i tillegg, fortel Igland.

– Det var kamp mellom seks grender; Grotle, Igland, Torvanger, Hauge, Førs og Dalen, seier han.

Regattaen var populær og drog mange publikumarar. Igland trur det er noko som kjem til å bli vidareført til neste år.

– Det var kjempepopulært. Om det blir Rockweekend neste år må vi nesten vidareføre roregattaen også.

Iglandskvinnene va uslåelege under regattaen laurdag. På herresida var det Grotle som gjekk av med sigeren.

– Sterkt musikalsk program

I alt levde festivalhelga opp til forventningane.

– Vi hadde ein følelse av at det kom til å bli bra, det var først og fremst eit enormt sterkt musikalsk program. Det er viktig å ha gode artistar som leverer, fortel Roger Igland.

– Ikkje minst var det mykje besøk på campen på Iglandsvik Marina, med telt og bubilar. Eg har ikkje tal på kor mange som var der, med det såg ut som det var ganske fullt. I tillegg var det mykje båtar på gjestebrygga, seier han.

– Eit konsept alle likar

For to år sidan vart det avgjort at ein skulle nedskalere festivalen, noko som har gjort godt for Rockweekend.

– Det var ganske enkelt fordi det vaks seg større og større, heilt til det bikka over. No er det festivalar på alle nes, så det er hard konkurranse. Vi har tatt det ned att til eit konsept som er greitt for alle. Og det å få oppleve Adam Douglas på ei lita scene, er jo stort. Vi satsar på å få artistane tett på og ha god lyd og god stemning, seier Igland.

Festivalen vart avslutta med Odd Nordstoga i Bremangerhallen med over 400 besøkjande.

Les også: