Pålegget frå Miljødirektoratet gjeld i over 100 kommunar.

Bremanger, Vågsøy, Selje og Eid er av dei utvalde kommunane der jegarar må sende inn prøver. I kommunane der ein er pålagd å sende inn prøver skal alle elgar og hjortar som er to år eller eldre testast for skrantesjuke, ifølgje Fjordabladet.

Skrantesjuke er ein prionsjukdom som er dødeleg for hjortedyr, og vart første gong påvist i Noreg i 2016 på ei villreinsimle i Nordfjella villreinområde.

For å auke kunnskapen, skal det gjennomførast målretta kartlegging i dei områda der sjukdomstypen er funne, og i tillegg skal eldre elg og hjort i tilfeldig utvalde kommunar testast, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.