Det fine vêret byr ikkje berre på meir besøkjande, men kan også bli problematisk på Hoddevik Strandcamp.

– Det er klart at om vi ikkje har drikkevatn, og ikkje kan bruke sanitæranlegget, så må vi stenge. Det kan ikkje gå ut over helse og sikkerheit. Enn så lenge så går det bra, seier Anne Ragnhild Hoddevik.

Den populære campingplassen i surfebygda har eigen brønn.

– Den er ikkje tom endå, så vi har vatn. Men vi prøvar å spare på vatnet. Vi har eit stort forbruk av vatn. Det er lite nedbør og det har vore lang tørke, seier Hoddevik.

Fram til no har dei berre stengt dusjane ved anlegget.

– Vi har drikkevatn og sanitæranlegget er fullt oppegåande elles, seier ho.

Hoddevik har saman med familien drive campingplassen i fleire år, og ho fortel at ho ikkje har opplevd slik tørke på lenge.

– Det har ikkje vore slik langvarig tørke på fleire tiår, men vêret skiftar fort, seier ho.

Fullt opp på campen

Strandcampen i Hoddevik har mellom 35 og 40 teltplassar, og åtte uttak for straum til bubilar og campingvogner. I tillegg har dei også kiosk.

Anne Ragnhild Hoddevik fortel at det også er heilt fullt hos dei i desse dagar. Besøket hittil i sommar har også vore bra.

– Vi har like bra besøk som vi hadde i fjor, seier ho.

Det er viktig for campingplassen at det ikkje blir for fullt.

– Vi tek ikkje over 40 telt – det synest vi er passeleg. Alle skal takast vare på.

Ny parkeringsplass

Strandcampen med sanitæranlegget ligg på nordsida av stranda i Hoddevik, og nytt av året er ein ny parkeringsplass for dagsturistar.

– No har vi laga til slik at dagsturistar parkerer utanfor sanitæranlegget på eigen parkeringsplass, som vi har begynt å bruke, fortel Hoddevik.

Ho anslår at det er plass til cirka 30 bilar på parkeringsplassen som er laga til for turistar på dagsbesøk.