Teigen kallar sjølv prosjektet for «ein sprø draum og galskap av eit prosjekt», og har laga eiga Facebook-side til garden der ein kan følje med på arbeidet med å få garden tilbake i drift. Han er mellom anna i gang med å pusse opp dei forfalne bygningane, felle tre og har geiter til å beite det gjengrodde landskapet.

Alltid ønskt seg småbruk

I 2014 flytte han heim til Selje kommune etter å ha budd ulike stader på grunn jobben som fysioterapaut. Då han fekk jobb lokalt, ønskte han også å fullbyrde draumen om å drive eit gardsbruk.

– Eg har alltid hatt lyst til å kjøpe meg eit småbruk, heilt sidan eg først flytte frå Selje. Og når ein fyrst bur i området, er det kjekt å kunne ha eigne dyr og bidra til å oppretthalde kulturlandskapet, fortel han.

Vil ha villsau

I slutten av 2017 kjøpte han småbruket, og var dermed i gang. Dei sju kystgeitene han har på garden fekk han låne av vener som også driv gard, og han har nyleg fått to griser som han eig saman med tre vener.

– Til hausten leverer eg tilbake kystgeitene og ønskjer å satse på å få nokre villsau. Og så får vi sjå korleis det går med grisene, om det er noko eg kjem til å halde fram med, fortel han.

Får positiv respons

Frå før har han gardskunnskap gjennom å hjelpe tanta og onkelen på deira gard.

– Men det har berre vore å hjelpe til ei vekes tid. Eg har aldri før hatt fullt ansvar for eigne dyr, fortel han.

Han trudde først at det kom til å bli mykje prøving og feiling, men så langt har 36-åringen klart seg bra med å kombinere 60% stilling som fysioterapaut og gardsdrift.

– Eg har endå ikkje gått på noko stor tabbe, ler han.

– Den største frykta var kanskje å misse motivasjonen eller gjere eit bomkjøp, seier han.

Responsen frå vener og sambygdingar har vore positiv.

– Vener og dei som bur i området syns det er kult. Mor var litt skeptisk, men det har kome seg etter at eg fekk litt meir orden på ting, seier han.