– I fjor såg vi at det var utruleg masse folk heime allereie helga før Malakoff. Eg veit sjølv at når eg har ein fridag så ender eg opp med å ofte gjere det same, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

– Konseptet går ut på å samle tilboda under ein paraply, seier han.

Naustdal trur dette også kan bidra til auka turisme.

– Vi har ikkje så store ambisjonar i år sidan det er første gong, men vi trur det er moglegheiter for utvikling, seier han.