– Vigdis Bakkebø tok kontakt, fordi at Ola Elvestuen var på besøk i Selje i forbindelse med Seljumannamessa, og hadde interesse for å kome å sjå kystgeita, ein norsk rase som er særeigen for kysten, fortel Teigen, som i fjor kjøpte eit nedlagt gardsbruk. Han har kystgeiter på beite for å bevare kulturlandskapet.

– Han gjer ein kjempejobb og har ståpåvilje. Det er fantastisk at det blir fleire bønder i bygda, for akkurat no føler eg meg litt aleine. Å ta vare på gardsbruka og områda våre er veldig viktig, seier ho.

Under besøket frå Elvestuen var det særleg ei problemstilling kystgeitbøndene ønskte å ta opp.

– Det største probemet er å flytte kystgeita over fylkesgrenser. Ein må ha godkjenning frå Mattilsynet for å gjere det, og ein kan få ja frå eitt fylke og nei frå eit anna, fortel ho.

Selje er kommunen med flest kystgeiter i landet, med rundt 12 gardsbruk som har geiterasa ifølgje Bakkebø.