– Eg kjenner ein lettelse, og så er eg veldig takknemleg for fantastiske år i Selje og korleis eg har blitt motteke i denne bygda, og alle gode vener eg har fått. Det har vore heilt fantastisk, seier Kjell Stig Amdam.

No har han selt galleriet og heimen sin i Selje, og neste veke blir absolutt siste sjanse å besøke galleriet i bygda.

Det var i fjor sommar at kunstnaren som har halde hus i Selje i over tjue år varsla at han ville selje galleriet og legge ned. Dette var etter ein dårleg sesong som følgje av brannen på Selje Hotel, og dårleg vêr.

Stor interesse

I april i år vart eigedomen lagt ut for sal med ei prisantydning på 10 millionar kroner. Om Amdam fekk det han ønskte, vil han ikkje røpe.

– Men eg er godt fornøgd, smiler kunstaren.

– Eigedomsmeklaren sa at for han var det ny rekord. Annonsen hadde 16.000 treff, som er heilt usannsynleg. Det er jo litt fordi vi er kjende og at folk var litt nysgjerrige, seier Amdam.

Han fortel vidare at han har hatt fire-fem visningar, og mest interesse har det vore frå Austlandet.

– Det har ikkje vore særleg interesse lokalt.

– No blir det kaféliv, konsertar og teater og at eg blir ein del av eit myldrande liv. Eg har kjøpt meg ei fantastisk leilegheit på Nygårdshøgda midt i byen, som er heilt strøken og parisisk. Så eg har ikkje følelsen av at eg rykker ned i sjette divisjon og lever i slummen.

Ope i ei veke

Først ventar ei hektisk veke ved galleriet.

– Dette er jo eit stort hus, og nokre fleire hus og eg har altfor mykje ting. Så her skal det skjerast til beinet, og det meste blir for sal, seier Amdam, som ventar at det blir ei travel og morosam veke i vente når han opnar grinda til galleriet for siste gong.

– Det er klart at eg vil jo behalde nokre bilde, og så må eg jo ha ein stol å sitje på, samt eit middagsservise. På telefonar og meldingar så verkar det som at det blir kø. Vi er førebudd på ein arabisk marknad i rushtida, smiler han.