Namn: Lisbeth Refvik

Alder: 32

Bustad:Holvik

Sivilstand:sambuar

Yrke: butikkmedarbeidar

– Kva planar har du for sommaren?

– Vi skal besøke systera mi på Østlandet, og ei veke til Danmark og Legoland i juli.

– Kva har du med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Gode sko! Vi elskar å trakke rundt og oppdage når vi er på tur! Mitt beste pakketips er å pakke håndbagasjen i ein lett/behagelig sekk som også kan brukast når ein er ute på tur, er på stranda eller på shopping.

– Når slår feriekjensla inn?

– Sidan vi køyrer til Danmark, så blir det cirka på Måløybrua!

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Eg er heldig som har fått reise mykje heilt sidan eg var lita, så eg har mange gode minne. Å få ri på fullblodshest på stranda, dansa på bordet klokka fire om natta med gode vener, og å bygge lego saman med gutane mine i feriehuset etter ein lang dag på Legoland er nokre.

– Kor hadde du reist med ubegrensa budsjett?

– Då hadde eg reist kloda rundt! Eg har lyst å sjå og oppleve alt!

– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Bear Grylls! Han er vel ei blanding av MacGyver og Lars Monsen – og litt flottare å sjå på.

– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Då måtte vi sjølvsagt ha bada på Refviksanden, båttur til Silda, tur til Kråkenes og Kannesteinen, og avslutta kvelden på altanen med nydelig utsikt over Holvikja med lokal sjømat på grillen.

– Blir du vêrsjuk om det regnar?

– Ja, eg blir det! Eg elskar finevêr! Men om eg hadde flytta til varmare strøk trur eg at eg hadde sakna ein ekte vestlandsstorm eller tre!

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medier?

– Eg er for begrensing av mobilbruken! Vi er altfor lite flinke å legge den ifrå oss. Kanskje vi skal prøve oss på ferie i år!