– Eg forstod først ikkje kva fisk eg hadde fått, men då eg sjekka fiskeplakaten min tenkte eg at det kunne vere ein St. Petersfisk. Det har eg også fått bekrefta på Facebook, fortel Vadøy, som synest det var artig å få ein litt meir uvanleg type fisk i garnet.

Forskar ved Havforskningsinstituttet Svein Sundby forskar mellom anna på klimaendringar og virkningane det har på marine økosystem. Han seier at fisken har blitt tilhøvsvis normalt å få på vestlandskysten.

– Eg har sjølv kjøpt den på fisketorget i Bergen og hatt til middag, fortel han, og seier at det er ein veldig god fisk å ete.

Men det har ikkje alltid vore like vanleg å få fisken på kroken.

– Nei, det har på ingen måte alltid vore sann, det er ein følgje av temperaturaukinga som har skjedd dei siste 20-30 åra. Det har resultert i at nokre fiskar er blitt så vanleg at dei har blitt komers, sann som for eksempel lysing, fortel han, men seier at St. Petersfisken Vadøy fekk på kroken var noko større enn vanleg.

St. Petersfisken som enda sine dagar i garnet til Vadøy kjem nok ikkje til å hamne på middagsbordet.

– Eg er ikkje vand til å ete slike fiskar, så den kjem til å gå tilbake til krabbane. Eg har fått fleire meldingar om at det er ein delikatesse, og skal visst vere valdsamt god, men det var eg ikkje heilt klar over. Det handlar vel litt om kva kultur det er for å ete ulike typar fisk, seier han

–  Neste gong, om eg får fleire, då skal eg prøve å lage noko ut av det, fortel Vadøy.