– Bremanger kommune opplever eit aukande problem med at eingongsklutar og våtserviettar vert kasta i toalettet. Dette fører til skade og stans på pumpestasjonar, og kan også føre til tette avløpsleidningar og ureining av miljøet.

Dette opplyser kommune på si heimeside. Det vert vidare oppfordra til dovett, og minner om at ting som eingongsklutar, våtserviettar, q-tips, snus, tanntråd, bomullspads, sanitærbind og tampongar aldri skal kastast i do.

– Eingongsklutar og våtserviettar løyser seg ikkje skikkeleg opp, og festar seg på avløpspumper eller samlar seg i store ballar som tettar røyrsystem. Det medfører mykje ekstra arbeid og vedlikehaldsbehov, og kostar pengar, heiter det.

Dette kan medføre at abonnementar blir ramma i form av høgare avløpsgebyr, sidan kommunen sine kostnader fullt ut skal dekkast inn gjennom gebyret.

– Tette avløpsrøyr kan gje tilbakeslag på avløpsvatn og kloakk i bustaden, som kan gjere store skader på bustad.