For dei som ikkje har mogelegheit til å reisa til fjells for å bli med Lars Monsen på årets sakte-tv, "Monsen minutt for minutt," inviterer DNT alle til vekentlege nasjonale utedagar, med ulike tema.

– Du treng ikkje reise langt for å få flotte opplevingar på tur. I Norge er me så heldige at me har turmål rett utanfor døra. Dei gode minna og de låge skuldrene får du like godt på et utkikkspunkt nær der du bur som på ein 2000-meters topp i Jotunheimen, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT i ei pressemelding.

Lørdag 21. juli oppmodar DNT alle til å ta turen ut og opp på ein topp. Det kan vera på høgden bak huset ditt eller den høgste toppen i kommunen din. Det som er sikkert, er at ein ikkje treng klatra hundrevis av høgdemeter for å kalla det topptur.

–  Finn ditt næaste utkikkspunkt, gå til toppen, gje deg sjølv ein god klapp på skuldra. Små turar kan også vera store, heiter det vidare i pressemeldinga.