Rundt klokka 17.30 rykte ambulanse og politi ut til ei motorsykkelulukke like etter krysset på vegen mellom Raudeberg og Kvalheim i Vågsøy kommune.

Motorsyklisten var ein mann frå Nederland i tjueåra.

- Det var berre føraren involvert i ulukka, Per Algrøy i Vest politidistrikt til Fjordenes Tidende.

Han seier at det var folk som kom til som melde ifrå om ulukka.

Årsaken til ulukka skal vere at føraren køyrde i autovernet, og tilstanden er alvorleg. Den skadde vart frakta til Haukeland med luftambulanse frå ulukkesstaden.

- Vi veit ikkje kvifor han køyrde i autovernet, det er for tidleg å seie, vi må etterforske saka meir, seier Algrøy.

Vi oppdaterer saka.