Det melder Haukeland universitetssjukehus.

Føraren, som er ein mann på 27 år frå Nederland, vart frakta til Haukeland etter at han køyrde i autovernet i går ettermiddag. Tilstanden har til no vore kritisk.

Årsaka til at vedkommande køyrde i autovernet er ukjend.

- Vi veit ikkje kvifor han køyrde i autovernet, det er for tidleg å seie, vi må etterforske saka meir, sa Per Algrøy i Vest politidistrikt i går.

Ingen andre var involvert i uhellet.

Vi oppdaterer saka.