Namn: Angelica Heggen

Alder: 15

Bustad: Eid

Yrke: Skuleelev

– Kva planar har du for sommaren?

– I sommar skal eg slappe av, henge med vener og prøve å bli brun. Og så skal eg ein tur til Kroatia, då skal eg bade og shoppe mykje.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Eg fyller alltid kofferten med for mykje sko, og altfor mykje kle, så mitt beste tips er eigentleg berre å prøve og unngå det.

– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Når du går ut av flyet og varm luft treff deg!

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Eminem-konserten på Sommarlyd tidlegare i sommar. Det var sjukt bra stemning!

– Kvar hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Då hadde eg reist til California saman med alle venninnene mine, besøkt LA, Las Vegas og shoppa mykje!

– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Til ei aude øy ville eg tatt med meg Kylie Jenner. Ho var nettopp på framsida til Forbes, og er ei av dei mest inspirerande kvinnene eg veit om, og ho verka som ein morosam person å henge med.

– Blir du vêrsjuk om vêret høljar ned?

– Sjukt vêrsjuk! Når sola skin blir både humøret og alt mykje betre! Når det regnar sitt ein gjerne inne og på nettet, medan når det er sol og varmt er ein ute og kosar seg!

– Kvar likar du best å bade?

– Eg liker best å bade i basseng. På Nordfjord hotell har dei eit veldig bra eit, elles kan ein bade i fjorden om det er varmt ute.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Ligg og sola meg, medan eg drikk cola og les eit magasin eller gjer yoga.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Eg går ikkje mykje på fjellet, men Ossetra er fin. Når ein kjem på toppen er det fin utsikt og ein kan bade der.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Mitt beste festivalminne er frå Kjartan-konserten på Malakoff i fjor.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Farmor fortener ei korg med jordbær.