Likestilt - Tilbakeblikk:

Gler seg over tilbodet dei har klart å bygge

Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2018.

Tilbodet ved ASVO Måløy har endra seg mykje etter at Ranveig Kråkenes (t.h) tok over styringa i 1992. I løpet av 25 år har ho vore dagleg leiar og fagleg seniormedarbeidar. Kråkenes gler seg over tilbodet dei kan gje til blant andre Reidun (f.v.), Kjell, Linn, Tom, Guro, Ståle og Svenn Idar i dag. – Eg er glad og stolt over tilbodet vi har skapt her. Eg er trygg på at det blir ført vidare på ein god måte, seier 67-åringen. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

likestilt
  • Reportasjeserie som vart starta i Fjordenes Tidende i mars i fjor. Prosjektet har som mål å gje eit bilde av kvinner sin kvardag i 2018, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.
Nyheter

Sidan 1992 har Ranveig Kråkenes arbeidd for at personar med ulike utfordringar skal ha ein arbeidsplass å gå til. Like levekår for alle har vore mantraet hennar som dagleg leiar ved ASVO Måløy. 

– Eg har nok alltid hatt eit behov for å hjelpe dei som fell litt imellom. Ei god drivkraft er nysgjerrigheita for alt som rører seg. Eg vil gjerne finne svar på og tiltak til kva som kan betrast eller endrast, seier Kråkenes.

Les meir om «Likestilt» her.

Torsdag hadde ho sin siste arbeidsdag på ASVO Måløy, som har 25 varig tilrettelagde arbeidsplassar og 5 plassar for arbeidsførebuande trening. Mykje har endra seg i løpet av dei 25 åra ho har arbeidd der, både som dagleg leiar og fagleg seniormedarbeidar.


Tilbakeblikk på «Likestilt»:

Minstejenta har flyttet inn i egen leilighet

Hver søndag gir vi deg et tilbakeblikk på sakene som har vært på trykk i forbindelse med reportasjeserien “Likestilt” i Fjordenes Tidende. “Likestilt” ser nærmere på kvinners hverdag i 2017.

– Då eg starta i 1992 hadde Stortinget nyleg vedteke Ansvarsreforma for menneske med psykisk utviklingshemming. Det innebar at barn og vaksne skulle få leve og bu i heimkommunen sin, slik alle andre menneske kan, forklarar 67-åringen, og fortset:

– Då eg var barn var det sjeldan å møte barn som var utviklingshemma. Men no var det heldigvis nye tider. Dei vaksne frå institusjonane fekk moglegheit til å flytte til sin fødekommune og mange gjorde dette. Dei fekk mykje meir samvær med familien sin.

I same tidsrom hadde Arbeidsdirektoratet gitt tilskot til å opprette bedrifter med tilrettelagde arbeidsplassar. Ei av desse vart til ASVO Måløy.

Har fleire bein å stå på

Då Kråkenes byrja på ASVO bar det mest preg av å vere eit dagsenter.

– Ein var begynt å produsere, men i småskala. Det første oppdraget eg fekk av rådmann Knut Ove Leite, var å arbeide for auka tilskot frå staten. Det arbeidde eg med i tre år, og fekk til slutt medhald i at det hadde skjedd ei skeivfordeling av midlar. Det var hard kamp om ressursane, men kampen bar frukter.


Likestilt:

Maria gjør hverdagen bedre for Knut (96)

Maria Helgesen har lenge vært opptatt av å gi de eldre en bedre hverdag. Nå har Seljetunet ansatt henne til å gjøre nettopp det.

I dag har ASVO Måløy mange bein å stå på. Dei har eit kjeldesorteringsanlegg, vedproduksjon, dei splittar og reinsar tau, og skyt opp garn for fiskeflåten, dei har skiltavdeling, kantinedrift og heimebakeri.

– Vi har litt ekstra utfordringar i forhold til ei ordinær bedrift. Vi skal både levere dei varer og tenester som blir forventa og samstundes skal vi ta oss av menneska, fortel 67-åringen.

– Alle bedrifter opplever krav til endring for å verte mest mogeleg konkurransedyktige. Samtidig som ASVO Måløy skal endre seg, må vi og passe på at menneskeverdet får gode levekår. Den kampen kan vi aldri gi slepp på. For 50 år sidan var det å sende folk til spesialskular i vinden, altså å skilje folk og sette dei i ulike båsar. Gong på gong har vi sett at det ikkje er lurt å dele oss menneske inn i ulike kategoriar. Vi på ASVO har sett at menneske trivst på tvers av all båstenking, legg Kråkenes til.

Ser at arbeidstakarane blomstrar

Kråkenes har høgskuleutdanning som vernepleiar og har vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie og psykologi. Desse erfaringane har kome godt med i arbeidskvardagen.


– Vi jobbar med eit breitt spekter av folk. Dei kan ha mange forskjellige helseutfordringar både av fysisk og psykisk art. Vi ser at folk blomstrar her. Dei får meir tru på seg sjølv og blir tryggare menneske, seier ho.

Å ta farvel med arbeidsplassen er vemodig, men samstundes er ho trygg på at leiinga er i gode hender hos Betty Hessevik, som tok over rolla som dagleg leiar for fem år sidan.

– Eg er glad og stolt over tilbodet vi har skapt her. Eg er trygg på at det blir ført vidare på ein god måte.