For nokre månader sidan flytta konditormesteren frå Utah i USA til enden av ein vestlandsfjord og tok jobben som konditor på Minibakeriet.

Første gong i Norge

– Eg pakka saman tinga mine, tok med hunden min og sette meg på flyet, fortel Balken, som aldri før hadde vore i Norge.

Med bakgrunn frå mellom anna verdskjende Bouchon Bakery i Rockefeller Center i New York, kom Balken i april til konditorjobben.

Det var i vår, etter at Leon Knaskog hadde drive Minibakeriet i tre år, at det var klart at ein ville utvide bakeriet med ein konditor.

Fiskekake: – Eg har hatt det veldig kjekt med å utforske kva ein kan gjere, og folk ser ut til å like det, seier Catherine.

– Vi blei introdusert gjennom felles kjende. Leon hadde jobba ein sommar i same firma som eg kom frå. Så leita han etter ein konditor, og eg elskar å reise, utforske og møte nye menneske. Då var det ei freistande moglegheit, fortel ho.

Skilnadane er store mellom New York og Nordfjordeid.

– Her er det mykje meir avslappande. I New York var det mykje press heile tida, alle har høge ambisjonar og det var mykje konkurranse. Det var jo veldig nyttig fordi du pushar deg sjølv, og blir betre. Men det er eit fint avbrekk å jobbe i eit mindre bakeri, og det er ikkje like intenst, seier konditoren.

Fargerike kaker

På den korte tida Balken har vore på Nordfjordeid har ho allereie fått merksemd for dei fargerike og artistiske kakene ho lagar.

Ho fortel at folk i New York og Nordfjordeid stort sett ønsker seg det same på kakefronten.

Harry Potter-kaka blei godt teken i mot. – Den blei «over the top», seier Balken.

– Men det kan vere at folk i Eid kanskje ikkje er like eksponert for kva ein konditor faktisk kan gjere. Eg har hatt det veldig kjekt med å utforske kva ein kan gjere, og folk ser ut til å like det, smiler ho.

Blant anna laga ho ei kake med Harry Potter-tema, der bestillaren gav ho kunstnarisk fridom.

– Og den blei «over the top». Det er slike ting eg likar å gjere - å lage kreative greier.

Frå lærar til konditor

Balken kjem frå Salt Lake City i Utah, og skulle eigentleg bli lærar.

Catherine Balken har mellom anna erfaring frå verdskjende Bouchon Bakery i New York.

– Så fann eg ut at eg heller ville gå for ei karriere innanfor mat. Eg elska å bake og lage kaker då eg vaks opp. Far min lærte meg å lage kaker, så eg har gode barndomsminner frå at eg bakar saman med han, seier Balken.

Når ho ikkje lagar kunstverk av kaker, koplar ho av i naturen.

– Eg likar godt fjellturar og å vere ute. Naturen i Norge er veldig flott og det er fine turstiar her, seier ho.