Bad politiet om hjelp til å rydde opp

Illustrasjonsfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Politiet rykte måndag ettermiddag ut til eit privathus i Vågsøy der ei kvinne hadde forskansa seg inne på eit rom med ein kniv.

Operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Per Algrøy, seier til Fjordenes Tidende at ho ikkje har truga nokon direkte, men dei som var i huset opplevde situasjonen som vanskeleg.

Det var dei som budde i huset som varsla politiet om kvinna i 40-åra som var på besøk hos dei.

Politiet fekk i følgje Algrøy raskt kontroll på situasjonen, og ingen personar vart skadde.

Måndag klokka 18.15 kunne ikkje Algrøy seie noko om årsaka til episoden eller om det var rus inne i bildet.