– Eg trur ikkje det var mange som trudde at festivalen ville vare i fem år då vi først presenterte planane våre, fortel festivalsjef Hjelle.

Saman med Isak Søraa og Geir Tharaldsen arrangerte Hjelle den første elvisfestivalen i Måløy i midten av august i 2014. På programmet den gong stod mellom anna «Rockin’ on Heavens Door»-turneen med Elvis-band og kjende norske artistar, filmar og konsertar. Men det heile starta då Hjelle var på ein elviskonsert på Hawaii.

– Då eg var der oppdaga eg at det var eit elvisshow i Honolulu, så eg kjøpte billettar til kona og meg.

Hjelle hadde kjøpt så kalla «meet & greet»-billettar, så etter showet fekk dei møte Johnny Fortuno, som er ein Elvis-tributeartist.

– Då hadde eg allereie planane om elvisfestivalen i hovudet, så eg spurde om eg kunne få e-postadressa hans. Han skreiv den på ei ølbrikke og lurte på kva eg skulle med den. Eg svarte vent og sjå, smiler Hjelle.

14 dagar seinare fekk Fortuno ein førespurnad om å kome til Måløy å spele på elvisfestivalen. Svaret kom raskt og var ja.

– Så då var vi i gang, slår Hjelle fast.

Trur Elvis hadde vore fornøgd

Fire år etter den første elvisfestivalen i Måløy trur Geir Tharaldsen at Elvis hadde vore svært tilfreds med det som går føre seg over tre festivaldagar i kystbyen i Norge.

– Elvis hadde nok vore overraska over alt oppstyret som framleis er rundt han, 40 år etter hans død. Men hadde han sett kva som skjer i Måløy desse dagane, så trur eg han hadde blitt veldig glad. Han var opptatt av å levere og glede mange, og det er det vi forsøker å gjere, seier Tharaldsen.

Initiativtakarane takkar alle publikummarar og handelsstanden for suksessen festivalen har opplevd.

– Eg har inntrykk av at folk ser fram til og gler seg til festivalen år etter år, seier Hjelle, og held fram:

– Handelsstanden har også vore med oss heile vegen. Dei kler opp gesimsane med flagg og pyntar opp butikkane. Det er verkeleg med på å sette sitt preg på byen. Dei som var her og lagde dokumentaren Fenomenet Elvis, spurde faktisk kva vi hadde gjort for å få med oss alle butikkane.

Hjelle viser til at dei også har ein konkurranse knytt til kven som har den finaste utstillinga.

– Her er det publikum som stemmer på den butikken dei syns har den flottaste utstillinga, forklarar han.

Les vårt magasin for Elvisfestivalen her.