Måtte kansellere åtte avgangar

Grunna tekniske problem har ferjesambandet Anda-Lote måtte kansellere åtte avgangar søndag kveld og måndag morgon.
Nyheter

Søndag kveld var det avgangane i begge retningar kansellert frå klokka 20.00 til 21.00.

Måndag morgon vart avgangane i tida 06.40 til 07.40 kansellert, melder Fjord1 på sine nettsider.

Til  NRK Sogn og Fjordane opplyser Fjord1 at dei har hatt straumproblem med Gloppefjord.