Festivalen og rockekongen skal hyllast

Verdas beste tributeartist står fremst når festivalen feirer sine første fem år i teltet på laurdag.

Amerikanaren Jay Dupuis legg for første gong turen til Måløy denne helga. Her frå konserten i festivalteltet fredag. Laurdag skal han framføre sitt show «On Stage» som han reiser rundt med i USA. Foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

– Alle artistane våre vil ta med publikum på ei musikalsk reise gjennom heile Elvis si karriere. Vi kan love ei stor musikalsk oppleving når vi slepp til våre internasjonale og lokale artistar gjennom Elvis si musikalske verd, seier arrangørane om jubileumsshowet, som har fått namnet «5 years anniversary Elvis tribute».

Først ut på scena denne kvelden er Jay Dupuis, som i 2014 vart kåra til verdas beste tributeartist.

Står på trappene til sin største konsert

Nadia Marissa Kvernevik er ein av dei lokale artistane som skal delta på den populære kyrkjekonserten. Måløyjenta gler seg sin til å stå på scena framfor eit stort publikum.

Vi har eit mål om kvart einaste år å ha med ein amerikanar. I tillegg skal vi ha det beste som finst. Dupuis fyller begge desse kriteria. Han er frå Tennessee i USA og er kåra til verdas beste tributeartist. Det skal også nemnast at det tok ikkje mange timane frå vi inviterte han til han bekrefta at han ville kome, smiler arrangør Helge Hjelle.

Amerikanaren går på scena med showet «On Stage» som han gjer i USA.

I tillegg skal måløypublikummet få eit gjensyn med ein gamal kjenning.

– Vi fekk eit nytt kjennskap som heiter Eddy Popescu under festivalen i fjor. Vi var så godt fornøgde med det han gjorde då at vi umiddelbart etter at han hadde gått av scena inviterte han tilbake. Svaret kom like raskt, og det var ja, stadfestar Hjelle.


Andre artistar som skal i aksjon på scena denne kvelden er Morgan Vøien, Isak Søraa og Johnny Reel, saman med fleire andre lokale artistar. Artistane blir akkompagnert av festivalen sitt eige «husband», Sideshow Bob og Mels.

– Her skal vi feire og fokusere på at elvisfestivalen fyller fem år, seier Hjelle.

Trur taket vil løfte seg

Laurdagskvelden i festivalteltet Graceland skal avrundast med ei skikkeleg overrasking frå arrangørane til publikum. Etter hovudshowet til Jay Dupuis blir det fem minishow, på same måte som på fredagen, og Hjelle trur avslutningsnummeret bil få taket til å lette.

– Dette blir heilt spesielt. Det blir full «trøkk» og taket kjem til å lette. Då skal vi nemleg ha fem solistar på scena samstundes. Dette blir finalen og det avsluttande showet laurdagen. Det blir heilt kanon, seier Hjelle, som ikkje vil avsløre meir om kva dei fem artistane skal framføre.

Les vårt magasin for Elvisfestivalen her.