Står klar til å overta slik faren gjorde

Peder Stave (21) står klar til å etterfølgje far Rune og bestefar Per som leier av fiskeriverksemda Per Stave AS på Stadlandet.

Rune Stave (t.v.) er i ferd med å overlate den daglege leiinga i familieverksemda til sonen Peder. – Eg blir rådgjevar og vaktmester, seier Rune. Alle foto: Jørn-Arne Tomasgard 

Eg blir rådgjevar og vaktmeister.

Rune Stave, dagleg leiar og eigar av Per Stave AS
Nyheter

– Eg har sagt at han skal få den tida han treng for å få oversikt og kjenne seg trygg i rolla. Men eg er klar til å gje frå meg ansvaret når han er klar. Eg er veldig stolt over at ein ny generasjon no skal ta over, seier Rune Stave.