Politiet må ta hand om rusa mann i butikk

Politiet har rykt ut til melding om ein godt rusa mann som lagar problem ved Kiwi i Måløy.
Nyheter

Det er Vest Politidistrikt som melder dette litt over klokka 17.00 onsdag.

Den 64 år gamle mannen lagar kvalme for andre kundar i daglegvarebutikken som ligg på Torget i Måløy sentrum.

Mannen nektar også å forlate staden, og dei tilsette har derfor bedt politiet om hjelp.