Sandberg kjem til fiskerikonferanse

18. september blir det arrangert konferanse på Raudeberg for det marine næringlivet på kysten av Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre.

Per Sandberg kjem til fiskerikonferansen på Raudeberg 18. september. Arkivfoto 

Nyheter

Konferansen blir arrangert av Måløy Vekst i Parken Kulturhus på Raudeberg.

Konferansen vil ha fokus på bruk av restråstoff, samarbeid mellom næringsliv og akademia (FoU) og dei enorme moglegheitene som ligg i det marine næringsvliet i regionen vår, skriv Måløy Vekst på si heimeside.


Måløy Marine Ressurssenter:

Har mål om 35 nye arbeidsplassar

Noko av målet til styringsgruppa bak Måløy Marine Ressurssenter (MMR) er å skape 35 nye arbeidsplassar innan fem år.

Fiskeriminister Per Sandberg kjem til konferansen. Tidligare sjømatutsending i Spania og dagleg leiar i Star Seafood, Hildegunn F. Osmundsvåg, vil vere konferansier for dagen. Andre deltakarar er Agnes C. Gundersen (Møreforskning), Asgeir Hasund (Marine Harvest), Kjartan Sandnes (Biomega), Audun Iversen (Nofima), Kari Kolstad (NMBU), Rita Maråk (FHF) og Dr. Jon Øvrum Hansen (Foods of Norway).