– Dette er midt i blinken for både Kinn kommune, Stad kommune og andre kystkommunar. Havet er høgst relevant for all utvikling eigentleg. Vi er også opptekne av at dette ikkje berre skal vere eit Måløy-prosjekt, men må famne utan å ha noko avgrensing på geografien. Og eg vil tru at dette er eit prosjekt av interesse for heile fylket, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

– Vi har høg kompetanse på fiskeri og utvikling av fiskerinæring, men vi manglar kompetansebasen for å drive med utvikling. Å få eit slikt senter i Måløy vil sette oss i førarsetet, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

På spørsmål om det kommunale kan gå inn med midlar, svarar dei følgjande:

– Det har ikkje blitt diskutert endå. Vågsøy går jo inn med støtte i Måløy Vekst og dette er eit prosjekt som vi heiar på. Det får vi komme tilbake til om det blir aktuelt. Vi vil vere ein aktiv tilretteleggar, seier Maurstad.

Osdal peikar på at eventuelle midlar må politisk behandlast.

– Ein ser fleire plassar at kommunar er med, som med Loen Skylift for eksempel, der Stryn kommune gjekk inn med millionar og trekte seg ut igjen når det stod på eigne bein. Det er litt av den rolla vi bør ha, og då er det viktig at politikarane skjønar bilde, seier Osdal.

– Det må poengterast at om ikkje det offentlege ikkje går tungt inn, enten det er fylkeskommunen eller kommunane, for å få etablert dette, så blir det ikkje særleg futt i dette. Det blir i alle fall ikkje 100 arbeidsplassar. Ein greier ikkje byggje noko verdsleiande og globalt utan startkapital, seier prosjektleiar Roger Bergset.