– Den viktigaste avgjerda er at vi skal vere aktive brukarar av dette. Det er der den eigentlege investeringa ligg, seier Olav Steimler, direktør for prosjekt og kommunikasjon i Ervik Havfiske-gruppa.

Han fortel at Ervik Havfiske vil vere med å støtte etableringa av det nye forskninssenteret i Måløy av to årsakar:

– Det eine er samfunnsansvaret, vi vil at det skal skje ting lokalområdet, i tillegg til at vi ser på dette som eit globalt prosjekt. Vi trur at vi med eit slikt senter kan tilby noko meir her, strøyme det gjennom vårt distrikt og ta styringa. Og så er det det reelle behovet, seier han.

Steimler fortel at Ervik Havfiske har lagt igjen over ein million i forskingsbaserte tenester i løpet av dei siste ti åra.

– Det treng ikkje vere eit så stort beløp, men vi lurer på kvifor vi ikkje kan spore desse pengane tilbake til vårt eige område, og bruke desse investeringane til å byggje kompetansearbeidsplassar og akademiske miljø her. Vi har eit reelt behov, og det behovet aukar, seier Steimler.

100 arbeidsplassar

Grunnlaget for 35 nye arbeidsplassar i løpet av fem år, som skal auke til 100 i løpet av ti år, samt å samle inn 50 millionar kroner i løpet av 2018 er nokre av måla sett av styringsgruppa.

– Eg synest eigentleg at vi er litt forsiktige, seier prosjektleiar Roger Bergset i Måløy Marine Ressurssenter (MMR).

– 17. august skal vi ha stiftingsmøte, og vi har invitert inn lokalt næringsliv til å teikne seg i stiftinga. Vi har ei målsetning om 3 millionar kroner frå lokalt næringsliv. Deretter vil vi gå ut til bankar, kommunar og fylkeskommune og be om støtte til senteret, seier Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst, som er prosjekteigar.

Lokal forankring og global tanke

Regionsjef i Marine Harvest, Asgeir Hasund, meiner det er viktig å få eit senter for forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Sogn og Fjordane:

– Vi er oppteken av at ting skal skje, og at vi får ei framtidsretta utvikling av næringa. Sogn og Fjordane er det fylket som manglar ein FoU og forskingsaktivitet på marin sektor. Når vi ser kva vekstpotensial som ligg på kysten, så er dette ei framtidsretta satsing. Framover for oss så er det viktig for oss å utvikle næringa og fokusere på forhold som kan gi forbetringar på produkt, effektivitet og berekraft og anna framover. Vi er positive og samarbeider med liknande senter i dag og det vil vere positivt å få eit nærare. Kysten treng fleire arbeidstakarar i framtida, og då kan eit slikt FoU-senter bidra til å få fleire med høg utdanning til distriktet, seier han

Olav Steimler i Ervik Havfiske seier seg einig, men peikar på at ein må tenke større.

– Vi må ikkje tenke for smått. Vi må ikkje tenke Sogn og Fjordane, og heller ikkje Vestlandet. Det blir for puslete i den verda vi opererer. Vi lagar mat til alle verdsdelar, den skal vere trygg, miljøriktig og sporbar. Det kan vi sørge for gjennom MMR, og det er kjekt om det kan skje her, seier Steimler.