Søndag 19. august inviterer 4H, Bryggja utviklingslag og Stad 2020 til opning av den nybygde gapahuken på «Draumeplassen», og ønskjer små og store turgåarar i Eid, Selje og frå Bryggja velkomne til den flotte naturmøteplassen midt i nye Stad kommune.

Prosjekt Draumeplassen er eit 4H-prosjekt med støtte frå Sogn og Fjordane 4H og Gjensidigestiftelsen. Gapahuken er bygd på dugnad av Hei og Hå 4H og Bryggja utviklingslag og skal bidra til turglede, fellesskap og god helse.

I arbeidet med å bygge saman nye Stad kommune, bygge samhald og fellesskap treng ein å bli betre kjende, og Stad 2020 støttar tiltak som inviterer til fellesskap og byggjer felles kultur på tvers av dagens kommunar. Det blir guida tur til Staurdalseggja, aktivitetar ved Lefdalsvatnet, natursti frå Naveosen til Draumeplassen med spørsmål om Bryggja, 4H og nye Stad kommune, kajakk, SUP-brett, kano og «skumleskogen». Det blir også moglegheit for å kjøpe mat, og det blir premieutdeling for tur til Staurdalsegga og naturstien.