– Helga for festivalen neste år er allereie lagt inn, same helg som i år, 8.–10. august. I år hadde vi Jay Dupuis som vann tittelen som verdas beste Elvis Tribute-artist i 2014. I fjor reiste Gordon Hendricks rett frå Måløy til Memphis og vann for andre gong. Det er på dette nivået vi skal ligge, med artistar som er av dei aller beste i verda, seier festivalsjef Helge Hjelle.

– Det showet han heldt i teltet laurdag kveld, har Jay Dupuis halde 400 gongar i løpet av eit år i USA, fortel Hjelle.

– Alle artistane likte seg i Måløy og alle ønskjer å kome att neste år. Vi får sjå kven som kjem, noko av det vi har lukkast med er også å ha variasjon.

– Kor stor er marknaden av slike artistar?

Hjelle vil ikkje seie noko om økonomien i festivalen. Heller ikkje noko om kor mykje artistar som Dupuis kostar å hente.

Hjelle fortel om stadig fleire tilreisande til festivalen. Og han trur veksten kan halde fram.

– Her var folk frå stader som Alta, Oslo, Sørlandet, Bergen, Lillehammer og Gjøvik. Det var fullt på overnattingsplassane og på bubilparkeringa. Til neste år vil vi sørge for plass til fleire bubilar.

– Folk er strålande nøgde, og spør allereie kva tid billettar til festivalen neste år blir lagt ut. Eg vil også trekke fram den flotte bilparaden laurdag og gje honnør til handelsstanden for flotte butikkutstillingar. Arnes Blomsterverden vann førstepremien.