– Vi ser at bebuarane har veldig stor glede av uteområda våre. Sansehagen er mykje i bruk, og ikkje minst terrassane der den største er 300 kvadratmeter. Spesielt i sommar har folk vore mykje ute, men uteområda er godt brukt heile året, seier fagleiar Linda Førde.

Vi står i sansehagen ved omsorgssenteret som vart opna i 2016. Hagen er i full bløming. Med korte mellomrom er det sett opp benkar, og fleire fuglebrett. Også kommunalsjef for helse og omsorg i Bremanger kommune, Randi Ytrehus, er med for å oppsummere kva løysingar ein ser er vellukka etter to års drift. Det kan fungere som gode råd til kommunar som planlegg liknande utbygging, til dømes Vågsøy der det vert jobba med ei utbygging av Kulatoppen omsorgssenter.

Sentrumsnært

Sansehagen ligg i tilknyting til avdelinga for demente, men med enkel tilgang for alle.

– Vi fekk med i tilbodet frå hovudentreprenør Åsen & Øvrelid at dei skulle ha ansvaret for planting og vedlikehald av hagen dei tre første åra, fortel Ytrehus. Ho peikar også på tomta som heilt ideell for eit omsorgssenter.

– Bygget ligg rett ved sjøen og idrettsbana, og med berre nokre meter til skule og sentrum. Vi ser at det betyr mykje for dei som bur her. Faktisk er det fleire som vil bu på romma med utsikt mot sentrum og idrettsbana, enn på sida med fjordutsikt. Vi tenkte det kom til å bli motsett, men det viser seg at folk har lyst å følgje med på det som skjer. Å ta seg ein tur i sentrum og kjøpe softis har ein stor verdi for mange. Det same med fuglebretta, dei eldre likar å følgje med på fuglelivet.

Fem avdelingar

Det er også store uteområde mot fjorden, i samspel med offentleg gangveg i strandlina. Her ligg eit fellesrom ofte brukt til minnesamvær. At det er ei dør her som gjev enkel tilkomst til parken utanfor er òg viktig.

– Folk ynskjer å gå ut i eit fint parkområde i slike situasjonar.

Når det gjeld organiseringa inne i sjølve bygget er den også lagt opp annleis. Tidlegare budde 20 bebuarar i ein lang korridor med dei tilsette springande fram og tilbake.

– Det førte til uro. No har vi delt inn i fem avdelingar der alle avdelingane har eigen arbeidsstasjon. Det blir meir ro. Og det er sosialt. Samstundes slepp tilsette å springe heilt tilbake til ein felles arbeidsstasjon når det er noko. Vi føler det gjev store fordelar, men ei ulempe kan vere at gruppa tilsette også blir delt.

Teknologi

Velferdsteknologi gjer arbeidsdagen enklare for dei tilsette ved Svelgen omsorgssenter, som òg GPS-sporar demente.

Heissystem til tunge løft på romma blir halde fram som viktig velferdsteknologi som fungerer på omsorgssenteret.

– Det sparer oss for mange tunge løft, og vi ser heisane er nyttige. Av anna velferdsteknologi som er mykje nytta er alarmsystemet der bebuarane har ein knapp lett tilgjengeleg som dei kan trykkje på om det er noko. Dette blir fanga opp på ein sentral, og andre tilsette i systemet fangar det opp på sine alarmtelefonar slik at dei veit kvar signalet kjem frå. Då kan dei gå direkte dit, forklarer fagleiar Linda Førde.

Utviklinga innan velferdsteknologi går raskt, og er allereie kome vidare sidan opninga av Svelgen omsorgssenter for to år sidan. Systemet er rigga for oppgradering. Førde og Ytrehus rår til at ein definerer kva ein har brukt for av velferdsteknologi, ein treng ikkje nødvendigvis ha det siste og mest avanserte.

– Vi ser at mange bebuarar har interesse for dataløysingar og ikkje er langt etter når det gjeld iPad og slike ting. Men erfaringa er at det må vere enkelt. Til dømes alarmsystemet der du berre treng å trykkje på ein knapp. Vi har også byrja nytte GPS-sporingssystem på demente, slik at vi etter fastlagde rutinar ved behov kan kople opp og finne pasienten. Det er eit nyttig verktøy, seier Ytrehus.

Ho rår andre aktørar som planlegg utbygging av omsorgsbygg, til å ha ein grundig planprosess.

– Bruk tid og gjer det skikkeleg. Det får du att for. Og involver tilsette, tillitsvalde og bebuarar. Det er viktig med mange stemmer. Vi har også god erfaring med å ha med ein eigen prosjektleiar med teknisk innsikt. Frank Husevåg hadde denne rolla hjå oss.

Ingen kø

Etter opninga av Svelgen omsorgssenter eksisterer det ikkje kø for å få institusjonsplass i Bremanger kommune.

– I dag har vi 43 bebuarar her, vi har plass til 48. Det er noko vi er godt nøgd med. Her handlar det om val som er gjort, og planlegging, seier kommunalsjef for helse og omsorg Randi Ytrehus.

– I 2009 vedtok kommunestyret Strategisk plan for helse og omsorgssektoren, der noko av plangrunnlaget var framskrivne folketalsprognosar frå Statistisk sentralbyrå. Bremanger er ein spesiell kommune med stor avstandar, arealet er 825 kvadratkilometer. Det er ikkje enkelt å drive heimehjelpsteneste her. Vi veit også at andelen demente er aukande. Vi gjorde eit val om å satse på institusjonsplassar i større grad. Og vi laga ein handlingsplan for korleis vi skulle oppnå måla, avsluttar Ytrehus.