– Vi skal ha ei skikkeleg åstadsundersøking i morgon, tysdag. Til no kan vi berre anta kva som har skjedd, vi kan ikkje seie noko sikkert. Men etter tysdag vil vi nok vite meir, seier tenestestadsleiar ved Vågsøy lensmannskontor Nils Bakke.

Vedkommande såg flammar bak disken, og melde frå til politiet. Brannvesen og naudetatar rykte raskt ut og fekk sløkt brannen.

Ingen personar blei skadde og årsaka til brannen er førebels ukjent.