– Auken i omsetnaden skuldast i hovudsak kontraktar i samband med bygging av landbaserte oppdrettsanlegg. Oppdrett er i tida, og no blir det satsa tungt på landbaserte anlegg der fisken kan vekse seg større før han blir sett i sjøen. Her kjem det til å skje mykje vidare også, og vi må berre vere med, seier dagleg leiar Nils Per Sjåstad i Stadpipe.

Han eig selskapet saman med broren Kurt. Stadpipe har hovudkontor på Leikanger der om lag 30 av dei 40 tilsette har base. Ti tilsette held til på avdelinga i Eidsvåg i Bergen.

– Det er både kjekt og krevjande når det går bra. Det er artig å sjå at vi kan byggje så avanserte anlegg og at dei fungerer. Vi er nøgd med resultatet, men det bør ligge på det nivået om vi skal ha midlar til å investere i anlegg og utstyr.

Selskapet hadde i fjor eit resultat før skatt på 6,7 millionar kroner. Det er det beste nokosinne og ei dobling frå året før.

Sjåstad fortel at det gode årsresultatet også fører til bonus for dei tilsette. Samla betalte Stadpipe ut 1,5 millionar kroner i bonusar i fjor.

I 2015 var omsetnaden 34 millionar kroner, i 2017 nesten 90. Den enorme omsetnadsveksten skjedde paradoksalt nok etter at marknaden såg ut til å kollapse som følgje av svikten i oljenæringa.

God start på 2018

Stadpipe avslutta arbeidet med SalMar sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Follafoss i september. Settefiskanlegget hadde ein prislapp på kring 300 millionar. Kunden var hovudentreprenør Krüger Kaldnes og Sjåstad fortel at anlegget utgjer ein viktig del av omsetnaden og årsresultatet for 2017.

– Men også landbasert industri og skipsindustrien var viktig for oss. Også i lokalmarknaden. Vi hadde mykje arbeid både for Lefdal Mine Datacenter, Baat-bygg og Stadyard i 2017.

Den høge temperaturen i marknaden held fram i 2018. Sjåstad seier dei ligg an til å få eit om lag tilsvarande år. På plassen utanfor bygget i Stad Næringspark har dei liggande komponentar som skal brukast på settefiskanlegget Steinvik Fiskefarm byggjer i Svelgen.

– For tida er vi involvert i eit landbasert oppdrettsanlegg, såkalla RAS-anlegg, på Fitjar på Stord. Dette skal vere ferdig sommaren 2019. Mykje av dette arbeidet blir styrt frå avdelinga i Bergen, der vi også har eigen verkstad, seier Sjåstad.

Det er Lerøy som byggjer anlegget på Fitjar, og ifølgje ilaks er kostnaden 650 millionar kroner. Krüger Kaldnes er hovudentreprenør også her.

Ønskjer stabilitet

For å halde tritt med veksten har Stadpipe oppretta ei gruppe med fire tilsette som prosjekterer og designar systema.

– Tidlegare var det stort sett eg som gjorde denne jobben, men det vart umogleg å handtere. Vi oppretta ei gruppe med ansvar for prosjektering og design. Det er både ingeniørar og andre med bakgrunn og forståing for systema som sit i desse stillingane. Dette er kontorstillingar som ligg her på Stadlandet, seier Nils Per Sjåstad.

Det er kompliserte system Stadpipe byggjer, til dømes på landbaserte oppdrettsanlegg.

– På det anlegget vi held på med no på Fitjar, er det mellom 15.000 og 20.000 meter rør som skal leggast, fortel Sjåstad.

Han medgir at det har vore krevjande å vekse så fort som dei har gjort, men resultatet tyder på at dei veks kontrollert.

– Vi har teke unna veksten utan å auke talet på tilsette mykje. Vi har heller teke unna toppane med å leige inn kompetanse. Vi har ikkje ambisjonar om å halde fram denne sterke veksten. No vil vi skape stabilitet, slår Sjåstad fast.