– No får løparane ein plass å vere som er bilfri, og i tillegg får ein dei vekk frå gangvegar og bilvegar, seier Nils Magne Nedreberg.

Han er både styreleiar og dagleg leiar i Harpefossen skisenter, og leiar for skiskyttargruppa i Stårheim skiskyting.

Det er Stårheim skiskyting og Haugen langrenn som har opparbeidd løypa som ligg i tilknyting til skiskyttarstadion.

– Dei blir ferdig med asfaltering i kveld, og så skal ein shine opp litt rundt løypa. I tillegg har vi eit par kulvertar der det skal settast opp rekkverk, seier Nedreberg.

Løypa blir mellom 1.100 og 1.200 meter lang og blir også open for alle å bruke.

Harpefossen skisenter står som byggherre av løypa, og kostnaden ligg på 4,5 millionar kroner.

– Vi har fått inn ein del tilskot og spelemidlar til den, og så er det dugnadar. Det har vore mykje maskinarbeid på denne, så ikkje like mykje dugnad. Så har vi lån i banken som vi må betale ned med loddsal og basarar. Om nokon vil sponse oss litt, så er det fullt høve til det, smiler Nedreberg.