Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette.

– Denne type ulukker krev at vi er på staden så snart som råd for å sikre bevis og ta avhøyr med ein gong. Samtidig har eg forståing for at operasjonssentralen er ein veldig travel arbeidsplass og at det må vere rom for feilvurderingar også der, seier lensmann i Nordfjord Tormod Hvattum til NRK Sogn og Fjordane.

Politiet kom på staden først nær to døgn etter ulykka. Det var 14. april at to polske arbeidarar vart frakta til sjukehus legevakt etter at dei hadde treft på gamalt sprengstoff som eksploderte. Den eine var lettare skadd og den andre uskadd.

Hvattum peikar på at den nye politireforma kan ha medverka til at lokalt politi ikkje vart varsla.

– Vi treng noko meir tid før operasjonsentralen i det store Vest politidistrikt fungerer etter intensjonane. Terskelen for å kalle ut lokalt politi bør vere lågare enn i dag, seier han til NRK.