– Fint vêr er jo det verste for surfarar, vi vil jo ha dritvêr året rundt, ler Calle Magnusson ved Ervik Surfshop.

Sidan han starta surfebutikken i Ervik for tre år sidan, er 2018 det første året han har det som fulltidsjobb. Han har i tillegg nesten dobla omsetnaden i mai, juni og juli samanlikna med same månader i fjor.

Årsaka trur han er at surfing har blitt «den nye tingen» som alle skal gjere.

– Det er ei større interesse for surfing no. Det ser vi både i Norge, Sverige og Skandinavia.

Har lært 340 å surfe i år

Eit resultat er at han har auka talet på brett han har til utleige i butikken til 30. Han har også tilsett ein frilansinstruktør og lokale Marthe Thelen Sjåstad som sommarhjelp i butikken.

Ei rask oppteljing viser at Ervik surfshop hittil i år har hatt cirka 45 kurs og totalt har dei lært cirka 340 personar å surfe. Påske er startskotet for surfesesongen, og høgsesongen varar til slutten av oktober.

Endring i surferturistane

Magnusson ser også ei endring blant dei som kjem for å surfe.

– Alle dei som starta å surfe for 10–15 år sidan har blitt vaksne og vil bu komfortabelt – det blir meir som ein skiferie, berre om sommaren. Det har endra seg frå at det var mest ungdommar som ville bu i ein bil, til no å bli ein familieting, fortel gründeren.

– Det har også vore smekkfullt på campingen.

Magnusson er ein av fleire surfeinstruktørar på Stad, og surfekursa på stranda i Hoddevik viser seg også å vere ein fordel for vanlege badegjestar.

– Ein ser kanskje fleire instruktørar på stranda, og alle vi som jobbar som instruktørar skal ha sertifisering innanfor livredding. Så om det er surfekurs på stranda, veit ein at det også er ein livreddar på stranda. Det kan vere tryggande.