På laurdag skal folkejuryen sine ti deltakarar fra Hordaland og Sogn og Fjordane kjempe fram sine favorittar til fylkesvåpen for Vestland. Dei kan berre sende vidare ti av dei til saman 667 forslaga til fylkesvåpen.

Engasjementet var stort rundt fylkesvåpenet til den nye fylkeskommunen Vestland, som blir ein realitet i 2020. 667 kreative forslag er sendt inn, og snart kan du røyste på din favoritt.

I neste veke, onsdag 22. august, opnar nettavstemminga der alle innbyggarar i Hordaland og Sogn og Fjordane kan stemme, og folkefavoritten skal bli kåra. I nettavstemminga er òg fagkomiteen sine ti forslag med. Nokre forslag frå folkejuryen og fagkomiteen kan verte like, så tal forslag som til slutt går til avstemming er difor ikkje klart.

Folkejuryen består av ti menn og kvinner frå 18–72 år frå fleire kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Frå 22.–30. august er folkeavstemminga open på Vestland fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettsider.

Forslaget som vert folkefavoritten blir saman med tre forslag frå fagkomiteen tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen. Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen vurdere alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.