– Få gjerne med deg fleire på dugnaden, både fra arbeidsplassen, slekt og venner! Så får vi rydda sentrum før kronprinsparet kjem på torsdag, seier Bente Kristin Jørgensen i Måløy Handelsforening.

Kronprinsparet kjem, som kjent, til Måløy torsdag for å opne Måløyraidsenteret.

Søppelsekker blir delt ut av kommunen og henta inn igjen. Dei vil bli lagt ut på Torget der ein kan hente sekkar. Fulle sekkar kan ein sette ved søppelbøttene i sentrum, opplyser Jørgensen.