Årsaka er konkursen i Maskin En3prenør1, melder Firdaposten.

– Vi hadde lovnad om ferdigstilling til skulestart, men hovudentreprenør Allbygg Florø AS vart råka av konkursen til entreprenøren for grunnarbeida og meiner no at overtaking kan skje i veke 35, opplyser prosjektleiar Frank Husevåg i Bremanger kommune til Firdaposten.

Prosjektansvarleg Frank Husevåg i Bremanger kommune opplyste til Fjordenes Tidende i april  at bygget har ein kostnad på 31,3 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift.

I tillegg til gymsal med nye garderobar, blir det eit klasserom og eit møterom i underetasjen der også kulturskulen kan vere. I tillegg kjem rom som gang, heis, forrom scene, lagerrom, tekniske rom og toalett. Den nye bygningsmassen blir 734 kvadratmeter bruksareal, pluss 96 kvadratmeter rehabilitering i eksisterande bygg. Det er 300 kvadratmeter meir enn tidlegare, slik at total bygningsmasse ved Kalvåg Oppvekst no blir 2.500 kvadratmeter.