Ny fartsgrense og skilt kom fredag opp ved Stårheim skule, og 30-sona fortset forbi skulen og utover Kleivane til Orheimsvika.

Kommunen oppfordrar på si heimeside om at køyrande må vere obs på dei nye fartsgrensene i området.

I komande veke vert det også 30-soner i bustadfelta i Torvik-området og tidlegare i sommar vart det etablert 30-soner på Haugen.