Banken ønskjer no endå fleire innspel frå folk i Vågsøy og Selje om kva tiltak gåvemidlane skal gå til, og oppmodar endå fleire om å sende inn søknader.

– Gjennom Hjartebank hyllar vi eldsjelene og arbeidet som skjer i organisasjonar og lag i lokalmiljøet. 1 million kroner skal delast ut, og vi er no på jakt etter prosjekt som styrkjer aktiviteten på din heimstad. Sparebanken Vest er 75 prosent eigd av samfunnet. Delar av overskotet i Sparebanken Vest blir brukt til å styrkje initiativ som gjer lokalmiljøet levande, inkluderande og inspirerande. Som ein del av dette arrangerer vi Hjartebank for Selje og Vågsøy, seier Wenche Myhre.

Tildelinga har som mål å hylle eldsjeler som engasjerer seg for eit betre lokaltilbod. Tildelinga skjer under ein gratis familiefest med ei rad aktuelle artistar, mellom anna Halie.

Organisasjonar, lag, klubbar og samskipnader med eige organisasjonsnummer kan søke, og privatpersonar kan søke på vegner av organisasjonen i sitt hjarte. Søknadsfristen går ut 28. august.