Frå å omsette for litt over millionen i 2017, har det vesle selskapet, som blei starta i 2015, i år budsjettert med ei omsetning på 4 millionar kroner. Og dei er i rute til å klare det, ifølge Jonny Bakke.

– Ja, vi ligg godt an. Inneverande år ser lyst ut. Vi er ferdige med dei tunge investeringane i maskiner og utstyr som vi måtte kjøpe etter kvart som pengane kom inn. No kan vi til og med begynne med å ta ut løn. Det er litt moro, smiler Bakke.

– Utan Coop som tek inn varene våre, sel dei og marknadsfører for oss, ikkje minst, hadde dette vore mykje tyngre. Om ein skal drive litt stort, og ikkje berre selje frå eigen bil, må ein ha eit visst volum. Og det får vi gjennom denne avtalen, seier Bakke, som viser til at Coop nyleg har bestilt inn fire tonn sylteflesk til jul, i tillegg til fleire tonn julepølse og dampepølse.

– Så vi får plenty å gjere framover!

– Korleis har Coop-avtalen forandra livet og kvardagen?

– Vi har tilsett to på tilkalling, og no fram mot jul må vi nok tilsette ein eller to fast for sesongen, i tillegg til eit par på tilkalling. Det er mykje arbeid når eit par tusen grisehovud skal skjerast opp, seier Bakke, som fortel at produksjonen skjer på den gode, gamle måten.

– Det tek tid, men det blir ein heilt annan kvalitet.

Avtalen har også gjort salsprosessen lettare for den daglege leiaren.

– No er det nokre møte i Førde der eg stiller med smaksprøver, og om dei godkjenner det, er det tilgang for produktet vårt i alle butikkane.

– Kva gjer dette med produksjonen gjennom året, blir det mindre sesongbasert?

– Ja, så absolutt. No har vi drift heile året. Spesielt med kjøtkaker og karbonadar som er eit heilårsprodukt. Vi har også dampepølse og honningmarinert svinenakke på heilårs, tre typar grillpølse og ein hamburgar som vi lagar i grillsesongen og så har du sjølvsagt julesesongen.

Abbel Tradisjonsmat leverer også til visse enkeltbutikkar, mellom anna butikkar i Bremanger og Bunnpris Oldeide i Holvik i Vågsøy.

Jonny Bakke og kona Siv eig kvar sin halvpart av bedrifta. Jonny jobbar i hallen med produksjon medan Siv tek seg av kontorbiten.

– Vi har soge på labben

Oppstarten til Abbel Tradisjonsmat har ikkje vore enkel, men Jonny Bakke meiner det no begynner å bli verdt slitet.

– Vi har verkeleg kjempa for dette sidan 2015. Vi har ikkje tatt ut løn. Vi har soge på labben, og levd på 70 prosent inntekt. Så det har vore ei tøff tid, også privat, seier Bakke, som no begynner å sjå konturane av at dette kan gå bra.

– Har det vore verdt det?

– Ja, det har det. For det ville jo vore forferdeleg bittert, når ein har lagt ned så mykje innsats, så lange dagar, om det ikkje hadde gått.

No ser dei fram mot ein travel haust der dei skal levere mykje julemat.

– Det er mykje arbeid når ein gjer det på gamlemåten, men kvaliteten blir også deretter, seier Bakke.