Både barn, vaksne og eldre hadde møtt fram for å få eit glimt av kronprinsparet og delta på den offisielle opninga av Måløyraidsenteret torsdag.

På veg frå Lekteren til Heradsheim stod det mange frammøtte, og dei kongelege gjestane tok seg god tid til å helse på.

Etter helsingar og taler frå styreleiar Helge Hjelle i stiftinga Måløyraidsenteret, Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og statssekretær Tone Skogen i Forsvarsdepartementet var det H.K.H Kronprins Haakon som stod for den offisielle opninga.

– Gratulerer med å ha fått eit senter som markerer ei viktig historisk hending, både for oss nordmenn og for mange andre. eit senter som minner oss på det vi aldri må gløyme; at fred og fridom er hardt tilkjempa og at vi aldri må ta det for gitt, sa kronprinsen i si tale før han markerte opninga ved å skjære over snora framfor inngangen til Heradsheim med ein bajonett.