Sjå bilda frå folkefesten og kransnedlegginga

Etter at H.K.H Kronprins Haakon hadde stått for den offisielle opninga av Måløyraidsenteret og kronprinsparet hadde fått omvising i senteret, var det duka for folkefest på Torget.
Nyheter

Der fekk kronprinsparet og inviterte gjestar servert lunsj i teltet, samtidig som det var kulturelle innslag på scena.

Deretter bar turen vidare til Moldøen for markering ved krigsminnemerke over falne soldatar. Der talte Terje Sølvberg og Måløy Musikklag spelte, før det var ny markering ved monumentet over Martin Linge. Der helste kronprinsparet mellom anna på representantar for familien til Martin Linge og veteranar.