– Vi fekk melding frå AMK i ettertid, så vi var ikkje på staden. Det var personskadar, og jenta har fått etterskader. Så det hadde vore greitt å kome i kontakt med føraren av bilen som har vore borti ho, eller vitne som kan ha sett noko, seier førstepolitibetjent Roger Gundersen ved Vågsøy lensmannskontor.

Det var torsdag at ein bil har kome bort i ein kvinneleg mopedist i Finabakken, bakken mellom Kiwi og barneskulen i Deknepollen, på rv 15 i Vågsøy.

– Hendingsforløpet er vi usikre på, det kan ha vore at ein bil har kome borti under ei forbikøyring, seier Gundersen, som legg til at politiet må undersøke saka når det er personskade.

Gundersen trur at hendinga kan ha skjedd mellom nedkøyringa til storsenteret, og innkøyringa til Kiwi.

– I beste fall så melder førar seg, og viss andre kan ha sett noko - bil eller registreringsnummer er vi interessert, seier han.

– Viss vedkomande er bevisst at ein har køyrt borti nokon, så er det straffbart i seg sjølv. Eg anbefaler vedkomande å ta kontakt med politiet.