Det seier pressetalsmann for Fjord Shipping, Hugo Matre, til Fjordenes Tidende.

Det var laurdag at to personar blei funne bevisstlause i ein tank på kjemikalietankaren Key Fighter som var på veg til England. Politiet fekk melding om ulykka 05.21 laurdag. Då var skipet 13 nautiske mil vest for Stadlandet. Begge personane vart frakta til sjukehuset i Ålesund. Ein 76 år gamal mann frå Spania, vart erklært død ved framkomst Ålesund, og ein 42 år gamal mann frå Filippinane, døde natt til søndag av skadane. Begge etterlét seg kone og barn, og ifølgje Matre starta ein umiddelbart med å få varsla familiane.

Dei resterande 12 i mannskapet er naturleg nok prega av hendinga, ifølgje Matre.

– Reiarlaget tilbaud psykososial bistand, og det var ønske om å få om bord ein prest, som hadde ei samling i Måløy.

Dei to omkomne hadde utført arbeid i ein tank om bord.

– Korleis kan det skje?

– Tanken dei jobba i var i utgangspunktet tom, men der var ein rest av «slope water», vatn som inneheld restar av det som har vore i tanken tidlegare. Dette var vegetabilsk olje. Det er i utgangspunktet ikkje farleg, men under forråtningsprosessen kan det oppstå gassar. Dette kan ein finne i til dømes gjødselkjellarar. No ventar vi på endeleg avklaring frå sjukehus og politi, seier Matre.

Politi gjennomførte avhøyr av resterande mannskap og åstadgransking då tankaren kom til land i Måløy laurdag.

– Det var også oppfølging av mannskapet, fartøy og utstyr. Det er ikkje avdekka noko som peikar i retning av teknisk feil, seier Matre.

– Er der ikkje system for oppdage gass?

– Jo, det er utstyr for det, men det er ikkje funne feil på dette utstyret, seier Matre.

Han seier vidare at det vil vere naturleg å gjennomgå alle rutinar og forsøke å styrke beredskapen. Politiet frigav skipet laurdag og det segla vidare. Skipet er registrert på Malta og blir drive av Måløy-selskapet Fjord Shipping.