Får kritikk for mangelfulle tenester

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rettar kritikk til Bremanger kommune, som dei meiner i ein periode på åtte månader ikkje har gitt forsvarleg helse- og omsorgshjelp til ein krevjande brukar.

Omsorgstenester: Pårørande og advokatverje til ein brukar meiner at Bremanger kommune ikkje gir tilfredsstillande tenester. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Dei pårørande kjempar no for at brukaren skal få tilbake tilbodet vedkommande hadde.

– Dei pårørande opplever situasjonen som veldig slitsam og kommunen som stri, og føler at pasienten har hatt mange negative opplevingar som kan førast tilbake til mangelfullt tilsyn frå kommunen si side, seier Odd Bovim, advokatverje for brukaren.