Vil byggje 60 nye leilegheiter

Det nye bustadområdet i Lunden i Nordfjordeid sentrum får 60 nye leilegheiter.

Kommunestyret i Eid vedtok torsdag detaljreguleringsplana for det nye bustadområdet Lunden i Eid. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Kommunestyret i Eid vedtok torsdag detaljreguleringsplana for det nye bustadområde i Eid sentrum.

Planen er utarbeidd av Din Bustad AS, og går ut på å byggje fire bustadblokker i med til saman 60 leilegheiter.

–  Blokkene er teikna av arkitekten Todd Saunders, og prosjektet er i tråd med kommunen sine mål om fortetting i sentrum og auka bustadbygging i gang-/sykkelavstand til skular, servicetilbod og arbeidsplassar, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).