No er vatnet friskmeldt i ei bygd, men må framleis kokast i ei anna

Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Fredag melder Bremanger kommune at kokepåbodet i Svelgen er oppheva. Vatnet er ikkje lenger ureina.

Det har i omlag ei veke vore kokepåbod ettersom ein fann koliforme bakteriar i vatnet etter kontroll.

På Davik er imidlertid saka ei anna. Her er vatnet frå Hamrefossen vassverk forureina, og det er gjort funn av E-coli.

- Alt vatn som skal brukast til drikke og matlaging må kokast. Ny melding vert gjeven når vatnet er trygt å drikke, skriv kommunen.

Firdaposten har snakka med teknisk sjef i Bremanger kommune, Gunnar Yttrehus, og spurt om anlegga held mål når dei slepp gjennom slike bakteriar.

- Det kunne heilt sikkert vore andre reinseanlegg, men vi lyt bruke det vi har. I Svelgen er drikkevatnskvaliteten omtrent ikkje eit problem, men i Davik er det overflatevatn vi nyttar, og det er meir væravhengig, seier han til avisa, og peiker på at reinseanlegget på Davik er på lista over dei som skal fornyast.