– Det handlar også om å kome seg ut og møte folk

Sogn og Fjordane Parkinsonforening hadde lagt årets haustmøte til Vågsøy denne helga.

På tur: 20 av dei vel 150 medlemmene i Sogn og Fjordane Parkinsonforeing var på haustmøte i Vågsøy i helga. Foto: privat 

Nyheter

På agendaen stod både fagleg påfyll, sightseeing og sosialt samver.

– Det handlar også mykje om det sosiale når vi har desse møta for det er veldig viktig for denne gruppa menneske, som for alle andre, å kome seg litt ut og treffe folk. Oppleve noko, seier leiar Reidun Sagen.