Får dei grønaste kunstgrasbanene

No får fylket dei grønaste kunstgrasbanene i landet.

KunstgraS: Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane (f.v.) Svein Olav Myklebust i fotballkretsen, Frank Tore Tveit i fylkeskommunen og Tore Dvergsdal i Sparebanken vest. 

Nyheter

Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, fylkeskommunen og NFF Sogn og Fjordane sikrar at kunstgrasbanene i fylket får naudsynt utstyr til å redusere sitt miljøavtrykk.

Kunstgrasbanar med fyllmasse som renn ut i naturen har fått mange kritiske blikk mot seg den siste tida. Løysinga er å resirkulere fyllmassen, ved å installere filter i alle avløpskummar rundt banane. Bankane vil derfor spleise på kostnaden med innkjøp av slike filter til alle banar i fylket som er eigd eller drivne av idrettslag, slik at Sogn og Fjordane kan få dei grønaste kunstgrasbanane i landet. Fylkeskommunen har i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane gjort ei grundig kartlegging av behovet for kummar i klubbane. No er det opp til klubbane å gjere resten av arbeidet med å få på plass filtera.

– Vi er veldig fornøgde med å kunne rulle ut dette prosjektet. Vi har jobba systematisk med å få nøyaktige tal på klubbar, eigarforhold og tal kummar, og er det einaste fylket som har laga oss så god oversikt på behovet for granulatfilter, seier Frank Tore Tveit, i Sogn og Fjordane fylkeskommune.