No blir det sykkelparkering ved skulane

Kommunestyret vedtok å løyve 530.000 kroner til å anlegg for sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V),kommunalsjef Elin Leikanger og rektor ved Nordfjordeid skule Anne-Grete Eikås. Foto: Eid kommune. 

Nyheter

Det var i kommunestyremøtet 6. september at dette blei bestemt.

– Desse anlegga er dermed fullfinansiert, og vil bli bygd med det første, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Kommunestyret vedtok også i samme sak å setje av 450.000 kroner til anlegg for sykkelparkering ved Hjelle, Haugen og Stårheim skular, under føresetnad av ein fekk tilsvarande finansieringsbidrag frå Statens vegvesen.

– Kommunestyret ynskjer også å få utgreidd sykkelparkering ved Eid vidaregåande skule, Fjordane Folkehøgskule og Kjølsdalen Montesorriskule, slik at alle skulane i Eid får overbygde anlegg for sykkelparkering - i tråd med Eid kommune sine mål om auka sykkelbruk, seier Bjørlo.